Frå denne månaden vil det vera forskjellige personar som får utfordringa om å presentera månadens kulturminne. Først ut er leiar for kultur- og sørvistorget i Radøy kommune, Lin Tove Thomassen.
Takk for at eg får lov til å presentere eitt kulturminne og sende oppmodinga
vidare for juni månad.
Månadens kulturminne i mai er Ystebøtræet. Ein husmannsplass frå slutten
av 1800 talet.
Ystebøtræet ligg på Sletta og har fått ein veg oppattkalla etter seg.
Lokalt har vegen alltid heitt Trevegen.
Vegen har eg trakka heilt sidan eg var barn. Det er ein flott turveg der
fotgjengarane får gå stort sett i fred for bilar, perfekt for turar med
barnevogn :)
Om de vil ha dykk ein flott tur. Parker ved Slettakaien, gå langs
Trevegen og få med deg husmannsplassen, gå vidare forbi byggefeltet på
Stølane og opp til Lindåsen.
Ystebøtræ på Digitalt fortalt.
Til sist vil eg sende stafettpinnen vidare til ordføraren i Radøy Jon Askeland og utfordre han til å presentere sitt kulturminne for juni.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar