Bogatunet og Syltastova

Radøy sogelag har driftsansvar for Bogatunet og Syltastova, som er eigde av Nord- og Midhordland sogelag.

Bogatunet er namnet på eit tun frå 15-1600 talet som er teke godt vare på. Det samanbygde huset syner trekk frå mellomalderbyggeskikk i det nordatlantiske kulturområdet. Huset inneheld eldhus, røykstove, bu m/loft og glasstove. På veggane i stova, er det pynta med kroting.

Tunet ligg på Boga på si opprinnlege plassering. Løa er flytta frå Sævdal.

For omvisning kan ein ringa Radøy sogelag v/Berit Kvalvik, tlf. 56373273 / Radøy kommune tlf 56 34 90 00.

Les meir om Bogatunet på Digitalt fortalt.

Syltastova ligg på Sylta nord på Radøy. Huset har vore brukt som bustad, men truleg og som forrådsrom. Me kan med rimeleg tryggleik fastslå at Syltastova er bygd på slutten av 1500 talet. Årringsdateringa som blei utført i 2006 anslår 1550 – 1610 som ytterpunkt og 1580 som sannsynleg fellingsår for tømmeret.

Ta kontakt med Radøy sogelag v/Arne Villanger, tlf. 56 37 00 69 for omvisning.