Månadens kulturminne i april er våningshuset
på den tidlegare husmannsplassen og seinare småbruket i Skageneset. Nils
Nilsen Birkeland fekk festesetel i Skageneset i 1878, og det var nok
han som bygde våningshuset som står i dag. Huset er ei
tradisjonell lemstove med ei stove i kvar ende av huset, og kjøkken og
gang i midten, og såleis ein representant den typiske byggjeskikken i
Nordhordland på 1800-talet og litt utover på 1900-talet.
Under
andre verdskrig budde enka Dorothea Skagenes, sonen Nils, dottera
Ingeborg og niesa Eva i Skageneset. Hans Helle, som var oppvaksen på
Hella, kjende til Skageneset og visste kor avsides det låg. Han klarte å
overtala Dorothea til å gøyma flykntningar som skulle vidare over
Nordsjøen. Dorothea og borna tok i mot meir enn 100 flykningar i løpet
av krigsåra, og for denne innsatsen vart ho i 2005 kåra til den største
og viktigaste nordhordlendingen på 1900-talet av lesarane av avisa
Nordhordland. Les meir om denne historien her: http://www.bof.no/Info/Bros_Skage-nett-tekst.pdf
For meir utfyllande lesnad, sjå boka Krigsår på Radøy som sogelaget gav
ut i 2011 der Meinert Helland har skrive ein artikkel om englandsfarten
frå Skageneset.
Skageneset er i dag friluftsområde som vert drifta av Bergen og omland friluftsråd: www.bof.no
Framover vil me senda presentasjonen av månadens kulturminne på omgang.
Først ut er leiar av kultur- og sørvistorget Lin Tove Thomassen, som
vil presentera sitt kulturminne i mai. Ho vil deretter senda
utfordringane vidare til nokon andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar