lørdag 2. november 2013

Vil du læra å finna fram i Digitalarkivet?

Tysdag 12. november kan du få ei innføring Digitalarkivet i Emigrantkyrkja på Sletta.

Digitalarkivet (http://www.arkivverket.no/digitalarkivet) er ein nettstad der offentlege dokument er tilgjengeleg i digital form. Her kan ein finna kyrkjebøker, folketeljingar, utvandrarlister og mykje meir som er svært nyttige når ein vil forska på slekta. Denne kvelden kjem to representantar frå Statsarkivet i Bergen til Sletta for å fortelja korleis tenesta fungerer, og visa korleis ein sjølv kan finna fram til dokumenta frå si eiga datamaskin.

Arrangementet finn stad kl. 18.30. Fri inngang.

Arrangementet er ei samarbeid mellom Radøy Sogelag og Vestnorsk utvandringssenter.

fredag 25. oktober 2013

Skriftstyret legg planar

Skriftstyret i Radøy sogelag
Bente Kopperdal Hervik, Karl Kolstad og Arthur Kleiveland i
skrifstyret.
No er skriftstyret i Radøy sogelag klare til å gå i gang med arbeidet, og me har mange planar.

Me har ein langtidsplan om å gje ut ei bok om kvinner på Radøy, og vil gjerne koma i kontakt med folk som har noko å fortelja, anten de skriv skriv sjølve eller kan la dykk intervjua. Boka skal handla både om kvardagsheltane og kvinner som sette spor etter seg på andre måtar.

Til jul 2014 skal me gje ut eit meldingsblad/hefte med variert stoff. Dersom du har tekst eller bilete me kan bruka i bladet, høyrer me gjerne frå deg. 



Til våren kjem jubileumsboka for Radøy kommune, som sogelaget er med å skriv.

Testlenke: http://www.radoy.kommune.no/getfile.php/2524227.2236.wedtbxbqvs/Arbeidsavtale%202014.pdf 






fredag 13. september 2013

Sogelaget skal leiga stabburet på gamle prestegarden

Stabburet på gamle prestegarden på Manger. Både prestegarden og stabburet er
frå  slutten av 1800-talet. Dei andre bygningane, mellom anna løa og
paktarbustaden, som stod på  prestegarden er riven.
Radøy sogelag skal leiga stabburet på gamle prestegarden på Manger. Her skal me ha ulike møte, og me håpar elles at stabburet kan verta ein møtestad for historieinteressere i Radøy.

Til sommaren vert det kanskje ope stabbur nokre laurdagar med sal av lokalhistoriske bøker og hefte, lokalproduserte varer og kafe.

Har du andre idear til kva me kan nytta stabburet til?

fredag 6. september 2013

Utstillinga Gryta hennar mor


Radøy sogelag arrangerer saman med Radøy mållag og Manger ungdomslag ei utstilling i undomshuset Solvang på Manger, som me har kalla "Gryta hennar mor". Her har me laga
til ulike miljø som skal representera 1950 og 1960 talet. Utstillinga vart opna søndag 1. september. 

Utstillinga er open:
Søndag 8. september kl.15-18 Open utstilling. Sal av kaffimat

Søndag 15. september kl. 15-18 Open utstilling. Sal av kaffimat

Få også med dykk temakveld med matkåseri av Erik Halvorsen fredag 13. september kl. 19.30. Middag og dessert med meny frå 1950-60 åra. Kaffi og kaker. Musikalske innslag. Påmelding innan 9. sept. til Ann-Kristin Mangerøy 99157524 eller Elin Morken 41421820
 

Nye nettsider

Radøy sogelag har fått nye nettsider. Her vil me informera om laget, om aktivitetar og anna av lokalhistorisk interesse.

Radøy sogelag er også på facebook. Besøk oss på www.facebook.com/radoysogelag