Historiske hefte og bøker

Radøy sogelag prøver å gje ut eit meldingsblad kvart år, men dei siste åra har me i staden prioritert å gje ut boka Krigsår på Radøy (2011) og i 2014 vil me gje ut jubileumsbok for Radøy kommune i samarbeid med Radøy kommune. I 2015 kom det hefte om nyryddarar i Radøy og i 2016 eit hefte med ulike tema.

Ta kontakt med Radøy sogelag v/Einar Borgund tlf. 907 95 108 dersom du er interessert i å kjøpa nokon av dei tidlegare utgjevne heftene.

Krigsår på Radøy
Radøy sogelag er utgjevar av boka Krigsår på Radøy 1940-1945, som kom ut i 2011.
Boka er på 140 sider, rikt illustrert med bilete.

Den er delt i fem hovudkapittel, der det første omhandlar tida rett etter krigsutbrotet 9. april 1940, med mobilisering og kampar.Eit kapittel omhandlar illegalt arbeid med særleg fokus på flyktningtrafikken til Shetland. Naboskapen til dei tyske forta på Vågenes, i Marøyna og i Forsøyna har fått grundig omtale, og uteseglarane, dei som kanskje ofra mest i krigsåra, har fått sitt eige kapittel. Siste delen av boka omhandlar enkeltpersonar som har fortalt om opplevingane sine slik dei minnest dei vanskelege krigsåra.

Opplaget på 1000 bøker er nesten utseld. Ynskjer du å kjøpa boka, ta kontakt med Einar Borgund på tlf. 907 95 108 eller e-post: eborgund@nettstar.as.

Boka kostar 300 kroner.

Skriftstyret:
Bente Kopperdal Hervik
Arthur Kleiveland
Mai Liss Sylta Møn

Dersom du har stoff du ynskjer å få publisert i Radøy sogelag sine publikasjonar, ta kontakt med Bente Kopperdal Hervik på e-post bkhervik@yahoo.no eller ring tlf. 99 24 54 69.