onsdag 17. februar 2016

Årsmøte i Radøy sogelag


Radøy sogelag har årsmøte i Prestegarden, Manger tysdag 23. februar 2016, kl. 19.00

Vanlege årsmøtesaker

Det vert foredrag av Svein Eide om Strilekrigen

18. april1765 strøymde strilar i tusental til Bergen for å protestere mot ekstraskatt og annan urett. Dei gjekk til fysisk angrep på stiftamtmann Ulrik Fredrik von Cicignon.
Ein av dei var Ronald Rognaldson Sletten frå Sletta på Radøy.
Jonas vart dømt til døden, men domen vart anka og han fekk slaveri.

Møtet er ope for alle!

mandag 23. mars 2015

Styret har konstituert seg

Styret i Radøy sogelag har konstituert seg slik:
Leiar: Einar Borgund
Nestleiar og sekretær: Vegar Toska
Kasserar: Liv Berit Rath
Styremedlemer: Kenth Remy Nesbø og Håkon Lunde

tirsdag 10. februar 2015

Årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på gamle prestegarden

På sakslista står vanlege årsmøtesaker. 

Forslag til andre saker må vere styret i hende seinast 12. februar. Sendast til:
Radøy sogelag v/ Einar Borgund, Raunholmskoen 27, 5936 Manger. E-post: eborgund@nettstar.as.

Bente Kopperdal Hervik frå Radøy kommune vil snakka om kulturminneplanarbeidet i Radøy kommune, og Arne Høyland fortel om kulturminne han har registrert i kommunen.

tirsdag 16. desember 2014

Jubileumsboka "Eg likar Radøy best"

Framsida på jubileumsboka. 
Radøy kommune sitt 50-årsjubileum vert avslutta med lansering av jubileumsboka "Eg likar Radøy best". Radøy kommune 1964-2014. Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom sogelaget og kommunen. 

Boka vert lansert 17. desember på gamle prestegarden på Manger der det er ope hus frå kl. 16.00-21.00. Der vert det boksal og -signering og det vert servert julekaker, kaffi og saft. Kl. 18.00 presenterer redaktøren, Olav Steinar Namtvedt, boka. 

Velkomen til bokslepp på gamle prestegarden!

Boka er på litt over 200 sider, rikt illustrert, og har følgjande kapittel: 
  1. Då nesten heile øya vart ein kommune (Karl Kolstad)
  2. Urfolket mellom bakkar og berg (Jon Askeland)
  3. Helse og omsorg frå vogge til grav (Olav Steinar Namtvedt m.fl.)
  4. Skulen i Radøy – utbygging, sjølvstyre og kvalitet (Bjørnar Dalseng)
  5. Barnehagane – frå dugnad til kommunal drift (Vigdis Villanger)
  6. Kultur, idrett og friluftsliv på «den grøne øya» (Jostein Borlaug m.fl.)
  7. Tekniske tenester – ei rivande utvikling (Einar Borgund)
  8. Næringslivet – frå hermetikk til nye næringar (Jostein Skråmestø)
  9. Landbruket på Radøy – ei slitesterk næring (Olav Steinar Namtvedt)
  10. Politikk og styring – gode levevilkår for alle (Olav Steinar Namtvedt)
  11. Dei unge er framtida vår (Katarina Birkeland m.fl.: )
Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom Radøy kommune og Radøy sogelag.
Framsidebiletet, som de ser øvst på denne sida, er tatt av Anne Kolstad Morken.
Etter boksleppet er boka til sals på sørvistorget i Radøy kommune og i bokhandlar. Du kan også kjøpa boka frå sogelaget.

tirsdag 25. november 2014

Månadens kulturminne i oktober - brurebenken i Timredalen

Gro Kolstad presenterer månadens kulturminne i oktober, som er Brurebenken i Timredalen på Manger. Ho utfordrar Mai-Liss Sylta Møn til å presentera månadens kulturminne i november. 

Gro Kolstad skriv: 
Midt i tunet stod hesten. Som ei traust klippe, vennleg pustande, mot det yrande livet på alle kantar. I grisehuset, floren, bortved hønsehuset. Verda var ikkje særleg større, men likevel meir enn stor nok, med alt som pusta og levde, grodde og vaks, tiil alle tider.
Over det heile, eit mjukt teppe av songar. Far sine songar. Og far sine forteljingar, når han ikkje song. Latinske namn på blomster, fuglar, dyr, til og med berg og steinar hadded eigne namn, som han kunne, og fortalde om.

Det var det største, å tusla rundt på garden, med far sine songar, far sine forteljingar. I tunet, i Hanneset, i Timredalen, som bugna av frukttre. Plommer, pærer, eple. Og der mede, omkransa av epletre, med Nesvatnet blinkande i synsrande, var far sin stolthet. Brurebenken.

Ikkje stort å sjå til, eigentleg. Ei bulkete helle av stein, rundt ein meter lang. Støtta opp av andre steinar, til å vera benk å sija på. Men ein benk full av historie gjort levanded av far sine forteljingar.

I gamle dagar gjekk vegen til kyrkja der. Brurefylgje frå Morken, Kolstad, eller kanskje heilt frå Ulvatnn, kom med hest og kjerre gjennom Timredalen, og hadde seg ein pust i bakken, med brura godt plasert,- på Brurebenken.

Så var det eg, ein jentunge, sitjande på benken, med dinglande føter, og dansande indre bilder, av brurefølgje gjennom Timredalen. Medan far slo graset rundt epletrea med ljå. Ein jentunge, forgapt i historiar, namn, indre bilder, det yrande livet, og far, som visste så mykje om alle ting.

«Veit du alt, du far?» Det var eit spørsmål, men tenkt som ein bekreftelse, dett var jo ingen grennser for all kunnskapen han hadde i hovudet. Men han svarte ikkje som venta. Tvert om såg han fort mot himmelen, strauk seg gjennom håret, og sa roleg: «Å nei, slik er det nok ikkje. Når ein først veit litt, forstår ein berre kor uendeleg mykje der er, som ein aldri kan nå over».

Eg forstod ikkje svaret. Ikkje då. Det skulle ta nokre rundar, og ein god del år, før minnet om far og denne stunda dukka fram att, og gjorde Brurebenken til eit symnol. Ikkje berre eit minne om far sin stolthet, og brurefylgje i gamle dagar, men eit symbol på kva klokskap eigentleg er: Å vita at ein strengt tatt veit fint lite, i det kolossale mangfoldet som utgjer livet. Og ha styrke nok til å erkjenna det.