tirsdag 16. desember 2014

Jubileumsboka "Eg likar Radøy best"

Framsida på jubileumsboka. 
Radøy kommune sitt 50-årsjubileum vert avslutta med lansering av jubileumsboka "Eg likar Radøy best". Radøy kommune 1964-2014. Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom sogelaget og kommunen. 

Boka vert lansert 17. desember på gamle prestegarden på Manger der det er ope hus frå kl. 16.00-21.00. Der vert det boksal og -signering og det vert servert julekaker, kaffi og saft. Kl. 18.00 presenterer redaktøren, Olav Steinar Namtvedt, boka. 

Velkomen til bokslepp på gamle prestegarden!

Boka er på litt over 200 sider, rikt illustrert, og har følgjande kapittel: 
  1. Då nesten heile øya vart ein kommune (Karl Kolstad)
  2. Urfolket mellom bakkar og berg (Jon Askeland)
  3. Helse og omsorg frå vogge til grav (Olav Steinar Namtvedt m.fl.)
  4. Skulen i Radøy – utbygging, sjølvstyre og kvalitet (Bjørnar Dalseng)
  5. Barnehagane – frå dugnad til kommunal drift (Vigdis Villanger)
  6. Kultur, idrett og friluftsliv på «den grøne øya» (Jostein Borlaug m.fl.)
  7. Tekniske tenester – ei rivande utvikling (Einar Borgund)
  8. Næringslivet – frå hermetikk til nye næringar (Jostein Skråmestø)
  9. Landbruket på Radøy – ei slitesterk næring (Olav Steinar Namtvedt)
  10. Politikk og styring – gode levevilkår for alle (Olav Steinar Namtvedt)
  11. Dei unge er framtida vår (Katarina Birkeland m.fl.: )
Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom Radøy kommune og Radøy sogelag.
Framsidebiletet, som de ser øvst på denne sida, er tatt av Anne Kolstad Morken.
Etter boksleppet er boka til sals på sørvistorget i Radøy kommune og i bokhandlar. Du kan også kjøpa boka frå sogelaget.

tirsdag 25. november 2014

Månadens kulturminne i oktober - brurebenken i Timredalen

Gro Kolstad presenterer månadens kulturminne i oktober, som er Brurebenken i Timredalen på Manger. Ho utfordrar Mai-Liss Sylta Møn til å presentera månadens kulturminne i november. 

Gro Kolstad skriv: 
Midt i tunet stod hesten. Som ei traust klippe, vennleg pustande, mot det yrande livet på alle kantar. I grisehuset, floren, bortved hønsehuset. Verda var ikkje særleg større, men likevel meir enn stor nok, med alt som pusta og levde, grodde og vaks, tiil alle tider.
Over det heile, eit mjukt teppe av songar. Far sine songar. Og far sine forteljingar, når han ikkje song. Latinske namn på blomster, fuglar, dyr, til og med berg og steinar hadded eigne namn, som han kunne, og fortalde om.

Det var det største, å tusla rundt på garden, med far sine songar, far sine forteljingar. I tunet, i Hanneset, i Timredalen, som bugna av frukttre. Plommer, pærer, eple. Og der mede, omkransa av epletre, med Nesvatnet blinkande i synsrande, var far sin stolthet. Brurebenken.

Ikkje stort å sjå til, eigentleg. Ei bulkete helle av stein, rundt ein meter lang. Støtta opp av andre steinar, til å vera benk å sija på. Men ein benk full av historie gjort levanded av far sine forteljingar.

I gamle dagar gjekk vegen til kyrkja der. Brurefylgje frå Morken, Kolstad, eller kanskje heilt frå Ulvatnn, kom med hest og kjerre gjennom Timredalen, og hadde seg ein pust i bakken, med brura godt plasert,- på Brurebenken.

Så var det eg, ein jentunge, sitjande på benken, med dinglande føter, og dansande indre bilder, av brurefølgje gjennom Timredalen. Medan far slo graset rundt epletrea med ljå. Ein jentunge, forgapt i historiar, namn, indre bilder, det yrande livet, og far, som visste så mykje om alle ting.

«Veit du alt, du far?» Det var eit spørsmål, men tenkt som ein bekreftelse, dett var jo ingen grennser for all kunnskapen han hadde i hovudet. Men han svarte ikkje som venta. Tvert om såg han fort mot himmelen, strauk seg gjennom håret, og sa roleg: «Å nei, slik er det nok ikkje. Når ein først veit litt, forstår ein berre kor uendeleg mykje der er, som ein aldri kan nå over».

Eg forstod ikkje svaret. Ikkje då. Det skulle ta nokre rundar, og ein god del år, før minnet om far og denne stunda dukka fram att, og gjorde Brurebenken til eit symnol. Ikkje berre eit minne om far sin stolthet, og brurefylgje i gamle dagar, men eit symbol på kva klokskap eigentleg er: Å vita at ein strengt tatt veit fint lite, i det kolossale mangfoldet som utgjer livet. Og ha styrke nok til å erkjenna det.

tirsdag 30. september 2014

Månadens kulturminne i september - steingarden frå Kolåseidet til Morken

Elin Klausen presenterer månadens kulturminne for september. Ho skriv: 

Eg eig ein lidenskap for stein og steinmuring slik det vart gjort i gamle dagar. Muring utan sement. Kva er då meir naturleg enn å fokusera på steingardar når eg skal kome med eit kulturminne for september. 

Det finst mange slike flotte steingardar på Radøy, men eg vil fokusere på den som går frå Kolåseide til Morken. Denne ligg på gardsnr. 62 br. 2 Det har vorte meg fortalt at denne kan vere Radøy sin lengste steingard. Det har og vorte meg fortalt at Jakob Marås frå husmannsplassen Stemhaugane i tilknyting til Maråsgarden, bygde denne muren for 50 øre dagen og fri stein til arbeidet. Jakob Marås gjekk i berre filler til sko har eg fått fortalt. Steingaren er eit imponerande arbeid. Ikkje minst når ein ser terrenget den er bygd i og størrelsen på steinane som er nytta i muren.

 I tilknyting til steingarden er der ein gardflor ( Skjeneflor)som er bygd i forband med bøgarden, det vil seie at steingarden og steinveggen i huset er mura i skift med einannan. Denne byggjemåten har røter bakover mot forhistorisk tid. (http://www.gard.no/pdf/kvh-radoy-2.pdf) Kristen Dalland la nytt tak på skjenefloren på Kolåseide og Petter Johan Ottesen skaffa pengar gjennom kulturmidlane. Eg er vorte tilbudt 50 øre dagen for å halda steingarden ved like… kanskje eg skal slå til. Det er ikkje kvar dag ein får betalt for hardt treningsarbeid.  Eg utfordrar Gro Kolstad til å finne kulturstaden for oktober.

lørdag 30. august 2014

Månadens kulturminne i august - kvernhusa på Villanger

Fyrst av alt må eg takka Kenth Remy Nesbø for den flotte reisa i tekst med Alværsund & 
Mangers Dampskipsselskap L/L.

"Å hoppa etter wirkola" er ikkje lett men eg tek utfordringa.... 


Som denne Månadens kul
turminne vil eg visa fram kvernhusa på Villanger. Den næraste attraksjonen til min vakre barndomsplass på Villanger, nærare bestemt i "Blauræ". Ein 5 minutters spasertur frå fylkesvegen mot Rossneset finn ein 2 komplette kvernhus med slåk og kvernsteinar.

Det eine kvernhuset er frå midten av 1700 talet og det andre er oppført i 1911. Begge kvernhusa var i svært god stand etter ei mindre restaurering i 1938. Under 2. Verdskrig var desse husa til svært god hjelp for matauken i bygda. Folk frå ytterste del av Radøy samlast i "Blauræ" og kvernhusa gjekk både tidleg og seint!

Då krigen var over i 1945 vart drifta lagt ned. Det vart ikkje bruk for kvernhusa lenger og forfallet tok etterkvart overhand. I over 50 år fekk dei stå til forfalls. Heldigvis har bygda Villanger ein kulturintressert og engasjert mann, Arne. Han ville få fram att kulturen og føra den vidare til nye generasjonar. Arne tok då i 1998, saman med 2 gode hjelparar, til med eit omfattande restaureringsarbeid på kvernhusa.

Kvernhusa på Villanger framstår i dag i tilnærma originalskikk. Skuleklassar og andre grupper har i seinare tid nytta høve til å få omvising og kjennskap til forteljingar frå "gamle dagar" om korleis dei starta opp kvernhusa og korleis prosessane kring arbeidet vart utført.

Vil avslutningsvis takka Arne Villanger for hans engasjement for bygda sitt kulturminne og ynskja radværingar og andre utanbys ei god oppleving og ein flott tur i "Blauræ".

Tenkjer å utfordra Elin Irene Klausen og vonar ho vil skriva eit kulturminne for september månad.

Med venleg helsing
Christel 

søndag 13. juli 2014

Månadens kulturminne i juli - Alværsund & Manger Dampskibsselskap L/L

Kenth Remy Nesbø presenterer månadens kulturminne for juli, som er Alværsund & Manger Dampskibsselskap L/L. 


På biletet ser me D/S "Alversund" til kai i Bøvågen
ein gong mellom 1926 og 1940.
Først vil eg takka Jon Askeland for eit flott innlegg forrige månad, samt for utfordringa gav meg. Her fylgjer mitt innlegg for juli månad.

Som månadens kulturminne har eg valgt Alværsund & Mangers Dampskibsselskab L/L. Sjølv om eg er for ung til å hugse selskapet, minnast eg med glede alle historiar mi no avlidne farmor fortalde om turane i si ungdomstid og vaksen alder. Eg har sjølv nytt godt av det som må kunne seiast å vere arven frå vårt lokale dampskipsselskap.

Alværsund & Mangers Dampskibsselskab vart skipa 17. mai 1895. Selskapet tok då over Seimstrandens Dampskibsselskab`s einaste skip D/S "Seimstrand" som dermed vart selskapets fyrste båt. Alt fyrste året bygde dei sin første nye båt, D/S "Manger". Fjordabåtane til Alværsund & Mangers Dampskibsselskab gjorde det enklare for bymann og stril å møtast, handel og transport vart lettare, og kaien og båten var bygdas naturlege samlingspunkt (då ser me vekk frå ungdomshuset når det var dans og kyrkja om sundagen, sjølvsagt.) Under krigen vart båtane til selskapet benytta til illegalt arbeid som våpentransport og flytningtransport for å nevne noko. "D/S Varden" egna seg særleg godt til dette med sine mange krikar og krokar, og mang ein radværing hjalp til med dette arbeidet. I 1951 var det slutt for Alversund & Manger som sjølvstendig selskap. Samanslåinga med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag resulterte i skipinga av Bergen-Nordhordland Trafikklag (BNT) som seinare vart det for meg så velkjende BNR - Bergen-Nordhordland Rutelag. Her fylgjer lista over skipa som gjekk i teneste hjå Alværsund & Mangers Dampskibsselskab:


D/S "Manger" (1895-1910)
D/S "Alværsund" (1900-1918)
D/S "Herløfjord" (1907-1950)
D/S "Manger" (1911-1951)
D/S "Seimstrand" (1914-1951)
D/S "Alversund" (1926-1951)
D/S "Radøy" (1930-1940)
D/S "Varden" (1934-1949)
D/S "Holsenøy" (1941-1949)
D/S "Frekhaug" (1941-1942)
M/S "Fjordbussen" (1947-1951)
M/S "Fjordbussto" (1947-1951)
M/S "Melanddrott" (1948-1951)
M/S "Sæbø" (1949-1951)

Eg vil utfordra Christel Villanger Håland til å skriva om månadens kulturminne for august.

søndag 15. juni 2014

Månadens kulturminne i juni - kassetten

Jon Askeland presenterer månadens kulturminne i juni. Han har vald kassetten som sitt kulturminne. 

Mitt kulturminne. Eg dristar meg til å nytta høvet til å understreka at kulturminne også kan vera av nyare dato.

Desse kulturminna må me også ha lokalt fokus på. Eg har valt kassetten, og årsaka til det er følgjande: Ein dag for nokre år sidan rydda eg og sonen min i "gamle saker". Han var då 12 år gammal, og fann ein kassett, og spurde meg, "pappa - kva er dette for noko"! Då forstod eg kor raskt endringar kan skje, og at gjenstandar som eg har eit levande forhold til, brått kan verta kulturminne, fordi dei er gått ut av bruk. I dag får ein knapt nok kjøpa kassettspelarar lengre, i motsetnad til den store hobbyen for nokre tiår sidan å spela av musikk både frå radio, originalkassettar og laga "spelelister", eller beint fram kjøpa originalkassettar, for kassettspelar var jo så hendig i høve til platespelaren. Eg er sikker på at det i Radøy også er spesielle, lokale kulturminne av nyare dato,- som me kanskje ikkje tenkjer over.

Eg håpar Kenth Remy Nesbø vil ta utfordringa og skriva om neste månads kulturminne.

torsdag 15. mai 2014

Månadens kulturminne i mai - Ystebøtreæ

Frå denne månaden vil det vera forskjellige personar som får utfordringa om å presentera månadens kulturminne. Først ut er leiar for kultur- og sørvistorget i Radøy kommune, Lin Tove Thomassen.  

Takk for at eg får lov til å presentere eitt kulturminne og sende oppmodinga vidare for juni månad.

Månadens kulturminne i mai er Ystebøtræet. Ein husmannsplass frå slutten av 1800 talet. Ystebøtræet ligg på Sletta og har fått ein veg oppattkalla etter seg. Lokalt har vegen alltid heitt Trevegen. Vegen har eg trakka heilt sidan eg var barn. Det er ein flott turveg der fotgjengarane får gå stort sett i fred for bilar, perfekt for turar med barnevogn :) Om de vil ha dykk ein flott tur. Parker ved Slettakaien, gå langs Trevegen og få med deg husmannsplassen, gå vidare forbi byggefeltet på Stølane og opp til Lindåsen. 

Ystebøtræ på Digitalt fortalt

Til sist vil eg sende stafettpinnen vidare til ordføraren i Radøy Jon Askeland og utfordre han til å presentere sitt kulturminne for juni. 

tirsdag 15. april 2014

Månadens kulturminne i april - Skageneset

Månadens kulturminne i april er våningshuset på den tidlegare husmannsplassen og seinare småbruket i Skageneset. Nils Nilsen Birkeland fekk festesetel i Skageneset i 1878, og det var nok han som bygde våningshuset som står i dag. Huset er ei tradisjonell lemstove med ei stove i kvar ende av huset, og kjøkken og gang i midten, og såleis ein representant den typiske byggjeskikken i Nordhordland på 1800-talet og litt utover på 1900-talet.

Under andre verdskrig budde enka Dorothea Skagenes, sonen Nils, dottera Ingeborg og niesa Eva i Skageneset. Hans Helle, som var oppvaksen på Hella, kjende til Skageneset og visste kor avsides det låg. Han klarte å overtala Dorothea til å gøyma flykntningar som skulle vidare over Nordsjøen. Dorothea og borna tok i mot meir enn 100 flykningar i løpet av krigsåra, og for denne innsatsen vart ho i 2005 kåra til den største og viktigaste nordhordlendingen på 1900-talet av lesarane av avisa Nordhordland. Les meir om denne historien her: http://www.bof.no/Info/Bros_Skage-nett-tekst.pdf For meir utfyllande lesnad, sjå boka Krigsår på Radøy som sogelaget gav ut i 2011 der Meinert Helland har skrive ein artikkel om englandsfarten frå Skageneset.

Skageneset er i dag friluftsområde som vert drifta av Bergen og omland friluftsråd: www.bof.no
Framover vil me senda presentasjonen av månadens kulturminne på omgang. Først ut er leiar av kultur- og sørvistorget Lin Tove Thomassen, som vil presentera sitt kulturminne i mai. Ho vil deretter senda utfordringane vidare til nokon andre. 

mandag 31. mars 2014

Månadens kulturminne i mars - Åsen på Øvre Tveiten



Månadens kulturminne i mars er tunet i Åsen på Øvre Tveiten. Tunet består av to våningshus, eit kårhus frå midten av 1800-talet, ei steinløe og ein potetkjellar. Det eldste våningshuset er eigentleg eit lite langhus med steinmur på tre av y...tterveggane. Tidlegare inneheldt huset torvsval, hestestall, stove, gang/kjøkken med grue. Lafteverket i stova tyder på at huset kan vera frå 1700-talet. I dag er det lem over stova, men lemmen er truleg sett inn noko seinare, slik at stova opphavleg kan ha vore ei røykstove.

Løa er bygd i grindverk, med steinmurar langs heile sør- og vestveggen og ein del av nordveggen. I kjellaren er den opphavlege floren. Stavkonstruksjonen med sidesvaler og
murte yttervegger er eit svært alderdommeleg trekk og det er sjeldan å sjå i dag.

Informasjonen er henta frå kulturhistorisk vegbok for Hordaland: http://www.grind.no/pdf/kvh-radoy-4.pdf

torsdag 27. mars 2014

Me treng stoff om nyryddingsbruk til sogebladet

Radøy sogelag vil i år gje ut eit lokalhistorisk hefte. Dette heftet skal vera eit temahefte om nyryddingsbruk og nydyrking på Radøy.

Me vil gjerne koma i kontakt med alle som har noko å fortelja, anten du skriv sjølv eller vil la deg intervjua.

Du kan kontakta oss på e-post bkhervik@yahoo.no eller på tlf. 99 24 54 69

fredag 14. mars 2014

Nytt styre i Radøy sogelag

På årsmøtet fekk sogelaget nytt styre.

Leiar Einar Borgund (attvald)
Gunnar Kvalheim (ikkje på val)
Liv Berit Rath (attvald)
Johannes Birkeland (ny)
Håkon Lunde (ny)

Vararepresentantar:
Berit Kvalvik (attvald)
Kari Smith (ny)

Harald Jordal, Kristen Risnes og Karl Kolstad gjekk ut av styret. Me takkar for den store innsatsen dei har lagt ned i styret i sogelaget!

fredag 28. februar 2014

Månadens kulturminne i februar - Gamlevegen over Radøy

I framgrunnen ser me vegen på Li truleg på byrjinga av
1940-talet. Vegen var på dette tidspunktet forlengst
nedlagt som hovudveg, men den ser framleis ut til å
vera i god stand.
Heilt på tampen av månaden presenterer me gamlevegen over Radøy som månadens kulturminne for februar. 

Den gamle bygdevegen over Radøy gjekk frå Alverstraumen i sør til Rossnes i nord. Vegen er svært gamal, men men me veit ikkje sikkert når den vart bygd. Me finn den i alle fall i kjelder attende til slutten av 1700-talet. 


Den flotte brua på Kvalheim.

Bøndene på Radøy hadde pliktarbeid på vegen. Gardane var delte inn i roder, som hadde ansvar for vedlikehald på kvar sin del av vegen. Bøndene var ikkje nøgde med denne ordninga, og  vedlikehaldsarbeidet var heller ikkje det beste. På 1860-talet var vegen i så dårleg stand at den vart vurdert nedlagt. I staden vart vegen sett i stand og traseen vart endra noko, og lagt utanom dei brattaste partia.

Tidleg på 1900-talet vart dei fleste delane av vegen erstatta av nye vegar, og den gamle bygdevegen over Radøy vart lagt ned etter kvart som nye vegar stod ferdige.

Har du meir informasjon om gamlevegen, eller kanskje bilete? Send dei gjerne til oss på e-post bkhervik@yahoo.no eller via facebook.

For fleire bilete sjå https://www.facebook.com/radoysogelag

lørdag 25. januar 2014

Strilane og 17. mai: Temamøte og årsmøte 20. februar 2014 -

Ingen av dei valde representantane for Hordaland, var frå
Nordhordland. Sorenskrivar for Nordhordland, Wilhelm
Frimann Koren Christie, deltok på Eidsvoll, men
representerte Bergen. 
20. februar kl. 19.00 er det temamøte og årsmøte på Radøy bibliotek.

I 2014 er det 200 år sidan Noreg fekk si eiga grunnlov. Det var likevel ikkje grunnlova som opptok strilar flest våren 1814, men derimot uår, matmangel og høge skattar. Denne kvelden kjem statsarkivar Yngve Nedrebø og snakkar om strilane og 17. mai 1814.

Temamøtet er ope for alle, medan årsmøtet rett etterpå er berre for medlemer.

torsdag 2. januar 2014

Månadens kulturminne i januar - Gamleskulen på Manger



Gamleskulen på Manger tidleg på 1900-talet.

Radøy sogelag vil kvar månad presentera eit kulturminne i kommunen. Først ut er gamleskulen på Manger, som var 150 år i 2013. 

Skulen vart bygd av Ole Monsen Kvamme og Rasmus Andersen Tolleshaug i 1863. Då skulen var ny hadde den éi skulestove i den eine enden og lærarbustad med stove, kjøkken og spiskammers i den andre enden, og gang i midten. På loftet var det fleire rom. Skulen hadde enno ikkje fått fjøs og løe, då dette vart utsett til "den gamle Kirkesanger frasiger sig Ombudet, og en ny træder i stædet"

Seinare (etter 1877) vart skulen påbygd i aust. Då vart det to skulestover i den gamle delen, og lærarbustad i den nye delen.

Gamleskulen november 2013.

Som me ser av det nye biletet, har skulen vore endra også seinare og tilpassa bruken.

Skulen har vore kontinuerleg i bruk sidan den var ny, og vert i dag brukt som klasserom for første klasse på Manger skule og til SFO ved skulen. Bygget er i god stand, og innreia med nye pultar og stolar og topp moderne smarttavler til bruk i undervisninga. Bygget er såleis eit godt eksempel på korleis ein kan ta vare på bygningar gjennom aktiv bruk.

Har du fleire opplysningar om skulen, og har du kanskje gått på denne skulen? Skriv gjerne i kommentarfeltet, eller send oss ein e-post.