Framsida på jubileumsboka. |
Boka vert lansert 17. desember på gamle prestegarden på Manger der det er ope hus frå kl. 16.00-21.00. Der vert det boksal og -signering og det vert servert julekaker, kaffi og saft. Kl. 18.00 presenterer redaktøren, Olav Steinar Namtvedt, boka.
Velkomen til bokslepp på gamle prestegarden!
Boka er på litt over 200 sider, rikt illustrert, og har følgjande kapittel:
- Då nesten heile øya vart ein kommune (Karl Kolstad)
- Urfolket mellom bakkar og berg (Jon Askeland)
- Helse og omsorg frå vogge til grav (Olav Steinar Namtvedt m.fl.)
- Skulen i Radøy – utbygging, sjølvstyre og kvalitet (Bjørnar Dalseng)
- Barnehagane – frå dugnad til kommunal drift (Vigdis Villanger)
- Kultur, idrett og friluftsliv på «den grøne øya» (Jostein Borlaug m.fl.)
- Tekniske tenester – ei rivande utvikling (Einar Borgund)
- Næringslivet – frå hermetikk til nye næringar (Jostein Skråmestø)
- Landbruket på Radøy – ei slitesterk næring (Olav Steinar Namtvedt)
- Politikk og styring – gode levevilkår for alle (Olav Steinar Namtvedt)
- Dei unge er framtida vår (Katarina Birkeland m.fl.: )
Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom Radøy kommune og Radøy sogelag.
Framsidebiletet, som de ser øvst på denne sida, er tatt av Anne Kolstad Morken.
Etter boksleppet er boka til sals på sørvistorget i Radøy kommune og i bokhandlar. Du kan også kjøpa boka frå sogelaget.