Eg eig ein lidenskap for stein og steinmuring slik det vart gjort i gamle dagar. Muring utan sement. Kva er då meir naturleg enn å fokusera på steingardar når eg skal kome med eit kulturminne for september.
Det finst mange slike flotte steingardar på Radøy, men eg vil fokusere på den som går frå Kolåseide til Morken. Denne ligg på gardsnr. 62 br. 2 Det har vorte meg fortalt at denne kan vere Radøy sin lengste steingard. Det har og vorte meg fortalt at Jakob Marås frå husmannsplassen Stemhaugane i tilknyting til Maråsgarden, bygde denne muren for 50 øre dagen og fri stein til arbeidet. Jakob Marås gjekk i berre filler til sko har eg fått fortalt. Steingaren er eit imponerande arbeid. Ikkje minst når ein ser terrenget den er bygd i og størrelsen på steinane som er nytta i muren.
I tilknyting til steingarden er der ein gardflor ( Skjeneflor)som er bygd i forband med bøgarden, det vil seie at steingarden og steinveggen i huset er mura i skift med einannan. Denne byggjemåten har røter bakover mot forhistorisk tid. (http://www.gard.no/pdf/