Fyrst av alt må eg takka Kenth Remy Nesbø for den flotte reisa i tekst med Alværsund &
Mangers Dampskipsselskap L/L.
"Å hoppa etter wirkola" er ikkje lett men eg tek utfordringa....
Som denne Månadens kulturminne vil eg visa fram kvernhusa på Villanger. Den næraste attraksjonen til min vakre barndomsplass på Villanger, nærare bestemt i "Blauræ". Ein 5 minutters spasertur frå fylkesvegen mot Rossneset finn ein 2 komplette kvernhus med slåk og kvernsteinar.
Det eine kvernhuset er frå midten av 1700 talet og det andre er oppført i 1911. Begge kvernhusa var i svært god stand etter ei mindre restaurering i 1938. Under 2. Verdskrig var desse husa til svært god hjelp for matauken i bygda. Folk frå ytterste del av Radøy samlast i "Blauræ" og kvernhusa gjekk både tidleg og seint!
Då krigen var over i 1945 vart drifta lagt ned. Det vart ikkje bruk for kvernhusa lenger og forfallet tok etterkvart overhand. I over 50 år fekk dei stå til forfalls. Heldigvis har bygda Villanger ein kulturintressert og engasjert mann, Arne. Han ville få fram att kulturen og føra den vidare til nye generasjonar. Arne tok då i 1998, saman med 2 gode hjelparar, til med eit omfattande restaureringsarbeid på kvernhusa.
Kvernhusa på Villanger framstår i dag i tilnærma originalskikk. Skuleklassar og andre grupper har i seinare tid nytta høve til å få omvising og kjennskap til forteljingar frå "gamle dagar" om korleis dei starta opp kvernhusa og korleis prosessane kring arbeidet vart utført.
Vil avslutningsvis takka Arne Villanger for hans engasjement for bygda sitt kulturminne og ynskja radværingar og andre utanbys ei god oppleving og ein flott tur i "Blauræ".
Tenkjer å utfordra Elin Irene Klausen og vonar ho vil skriva eit kulturminne for september månad.
Med venleg helsing
Christel