|
Gamleskulen på Manger tidleg på 1900-talet. |
Radøy sogelag vil kvar månad presentera eit kulturminne i kommunen. Først ut er gamleskulen på Manger, som var 150 år i 2013.
Skulen vart bygd av Ole Monsen Kvamme og Rasmus Andersen Tolleshaug i 1863. Då skulen var ny hadde den éi skulestove i den eine enden og lærarbustad med stove, kjøkken og spiskammers i den andre enden, og gang i midten. På loftet var det fleire rom. Skulen hadde enno ikkje fått fjøs og løe, då dette vart utsett til "den gamle Kirkesanger frasiger sig Ombudet, og en ny træder i stædet"
Seinare (etter 1877) vart skulen påbygd i aust. Då vart det to skulestover i den gamle delen, og lærarbustad i den nye delen.
|
Gamleskulen november 2013. |
Som me ser av det nye biletet, har skulen vore endra også seinare og tilpassa bruken.
Skulen har vore kontinuerleg i bruk sidan den var ny, og vert i dag brukt som klasserom for første klasse på Manger skule og til SFO ved skulen. Bygget er i god stand, og innreia med nye pultar og stolar og topp moderne smarttavler til bruk i undervisninga. Bygget er såleis eit godt eksempel på korleis ein kan ta vare på bygningar gjennom aktiv bruk.
Har du fleire opplysningar om skulen, og har du kanskje gått på denne skulen? Skriv gjerne i kommentarfeltet, eller
send oss ein e-post.